Long time no see

25 juli, 2010

Ja, no har det vore lenge sidan eg har skrive noko her, og litt av grunnen til det er at eg har hatt ein utruleg hektisk vår. Sidan vi kjøpte rekkehuset vårt i Rælingen i februar har det meste vore litt over styr. Eg har skrive om det før, men det har liksom berre haldt fram. Litt av det eg har styra med:

9. mai køyrde eg Ceres-rittet. Ramla av feltet etter eit kvarter eller noko slikt, men var faktisk med opp bakken frå Leirsund, eg var ikkje den første som blei køyrd av, og eg køyrde greit saman med eit par andre damer som hadde ramla av. Heilt til eg ramla av sykkelen då ho foran meg bremsa. Klassisk felt-tryn, med tre sting og mørbanka skrog som resultat. Og ei veke utan trening.

Etter Ceres-rittet som kom etter eit par veker med litt systematikk slo eg fast at eg vil la 2010-sesongen halde fram utan meg, og meldte meg aldri på NM. Saka var rett og slett den at når eg ikkje heng med feltet, og eg ikkje er i form til å vere med i det heile frå start, så blir ikkje ritta god trening, og eg må kvile dagen før, og då går det for mykje tid med som eg sårt treng til å trene. Så no satsar eg mot 2011. Litt skuffa var eg, men eg har jo eigentleg god tid, altså.

Oppløftande er at eg blir betre. Eg har prioritert sone 3-trening sidan testinga i vinter, og eg synest det går litt snøggare enn før. Meldinga frå dei andre fredagsspringarane er også at eg er i betre form, og det er motiverande å ta med seg.

Dessutan har eg verkeleg oppdaga terrengsykling denne våren. Eg har aldri kjent meg særleg trygg på terrengtassen, men eg hengte meg med på eit sånt “bli kjent med terrengsykling”-opplegg som Frøy hadde under Østensjø-dagane. Peder Eriksen heitte han som leia det, og eg fekk litt blod på tann. Ikkje berre fekk eg litt igjen for tida i gruppe 3, for eg nekta å sleppe hjulet hans, og dermed dro eg over stokk og stein eg aldri hadde åtaka på eiga hand. Eg sykla faktisk ruta dagen etter, og måtte sleppe ut eit lite gisp då eg innsåg at eg verkeleg hadde sykla der! Aleine måtte eg nemleg stoppe, men no veit eg at eg kan. Dessutan fekk eg skryt, og eg var den einaste som kom opp den brattaste kneika. Alt i alt blei det to timar med rein mestringskjensle, og det skal ein aldri kimse av!

Eit par veker etter det møtte eg ein stein med låret, og den turen lærte meg kva ei lårhøne er. Det er over ein månad sidan no, og låret mitt har framleis bulk og kul…

I går køyrde eg Moratråkket, men det tenkte eg å skrive eit eiga rittkvad frå.

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.