Moratråkket

25 juli, 2010

Eg køyrde Moratråkket i går, eit 46km langt ritt med start og mål på Koppang. Med 300 ryttarar i feltet var det eit ganske stort felt som dro avgarde, og eg hamna litt langt bak frå start, for eg måtte på do. Urutinert, eg veit, men eg er jo ikkje så snøgg då. Mista hovudfeltet relativt snøgt, men fekk ein rygg å liggje på, og der blei eg. Og det var ganske oppmuntrande, for eg trong ikkje sleppe den ryggen, og eit par andre måtte sleppe, så eg var ganske glad for det.

Rittet hadde vel ei mil omtrent på grus (grueleg keisamt) før det blei litt terreng, og etter det blei det eit artig ritt, sjølv om det ikkje var særleg teknisk. Det artige var at i dei tekniske partia køyrde eg innpå folk, og eit par tok eg til og med inn og såg for siste gong. Og det var stas! Det same gjaldt i utforkøyringane, der køyrde eg frå folk, sjølv om eg irriterande nok bremsa der arrangøren hadde skrive plakatar med “senk farten” på, enda det viste seg kvar gong at det ikkje skjedde noko interessant, mista faktisk eit par plassar på det, for dei som tydeleg var lokalkjende gassa berre på. Jaja, då veit eg det til neste gong.

Til skilnad frå resten av sumaren var det sol frå skyfri himmel, og ganske varmt. Kai og Sissel insisterte på at ei flaske var nok, og at eg ikkje trengte mat undervegs. No har eg lært at eg skal stole på eigen intuisjon, eg køyrde på flesket den siste mila, og sparte på ein liten klunk vatn berre for å skylje ned støv. Vatnet var verst, eg kan trass alt leve nokre veker på det feittet eg har på kroppen, men for ein som er vant med å køyre på flybensin så kjenner ein seg litt seig når drivstoffet er diesel…

Eg trur pulsklokka mi slit med ME, eg synest ho går tom for straum ofseleg raskt, men eg rakk å sjå at eg hadde hatt snittpuls på 175 slag per minutt, eit slag over terskel! Ikkje så rart då at eg ikkje kjente meg heilt spurtklar då eg trilla over målstreken. Tida blei forresten 2.11.35, om lag 20 minutt snøggare enn estimatet mitt, utan at estimatet mitt var særleg vitskapleg fundert!

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.