Sumartreninga

3 september, 2010

Eigentleg er det ikkje rett å snakke om sumartreninga, for det har mest ikkje vore sumartrening her i garden. Eller, eg har sprunge ein del, men sykkelen har fått kvile meir enn han likar. Ikkje berre har vi flytta, og har hatt mykje å styre med i heimen, men det har jo vore utruleg ustabilt vér heile sumaren eigentleg, og eg har faktisk fryse mykje!

Men, eg har no som oftast klart eit par sone 3-økter kvar veke, og også litt i sone 4. Og det ser då ut til at det har effekt! Siste veka i juli var Jokke og eg i bryllaup i Sverige, og vi køyrde ei økt om morgonen. Eg hadde nett kome heim frå sone 1-tur med Mamma, og var godt utkvila, og herrejemini for ein puls eg fekk opp! Pusten sa klart at det var sone 3, men pulsen var solid sone 4. No har ein jo ofte lett for å få høg puls om ein har kvila godt, så eg køyrde på. Og for ein gongs skuld måtte eg be Jokke køyre hardare!

Veka etter var det Norseman, og det blei eg som skulle følgje Jokke til toppen. Sist hang eg på han i eit kvarter før mannen som tidlegare på dagen hadde sumd 3,8km, sykla 180 km og og sprunge 37,5km distanserte meg… I fjor sprengte han Irene på tjuge minutt, og slo vinnaren si røystid med ti minutt. Eg hadde ikkje særleg håp om å klare å hengje på han så lenge, men eg dro han heile vegen til topps. Pulsen låg på 188 i rolege parti, og på 192 når eg sleit, så det blei ei skikkeleg økt ut av det, men han hadde ikkje sjans til å springe frå meg. Eg er framleis litt uviss på kven av oss som var mest overraska.

No på onsdag køyrde vi intervallar igjen, og eg hang på han då han skulle varme opp. Sju minutter i sone 4 på Rolf Olsens vei, temposletta ved Leirsund. Eg hang fint eg, måtte jage litt på han for å få han til å køyre hardare, og då vi stoppa var han faktisk utkjasa han også! Det har aldri skjedd før! No er det sjølvsagt mogleg at det er fordi Jokke heller ikkje har trent så bra i sumar, og at han er litt treigare enn han har vore før, men eg veit jo også at eg har hatt større problem med å hengje på nokon i 40km/t, så litt betre må det vere lov å tru at eg har blitt.

Så moralen må vere: trene mindre og kvile meir? Eller kva, trenar Jokke?

Legg igjen et svar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Log Out / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Log Out / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Log Out / Endre )

Kobler til %s

Følg med

Få nye innlegg levert til din innboks.